Nyttig arrangementskalender
Av
Anne Kristin Rødal
Publisert:
06.10.2010
Bruk Fjellpuls og Hva skjer
Mange ynskjer seg ein oppdatert kalender med oversikt over arrangement i Os. Både for oversikten si skuld, og for å kunne planlegge arrangement og unngå kollisjonar. EIN SLIK KALENDER HAR VI! Dersom alle brukar Fjellpuls aktivt vil denne kunne fungere slik.
Alt som blir lagt inn på Fjellpuls kjem automatisk fram på Hva skjer på Os kommune si heimeside. Ein må klikke på SE FLERE for å få dette fram.
For å få til dette, må ein få med OS når ein registrerer stedsnavn i Fjellpuls.
Døme: Eit arrangement som blir registrert på Dalsbygda samfunnshus, kjem IKKJE med på Hva skjer på Os kommune-sida. MEN – eit arrangement med stedsnavn Dalsbygda samfunnshus, Os – kjem med. (Ein må altså få med at dette er i Os kommune).
Dersom mange brukar Fjellpuls, har vi ein oppdatert oversikt som er nyttig i planlegging og for å unngå kollisjonar ved store arrangement.
På kommunen sitt Hva skjer legg kommunen inn arrangement vi veit om /får tips om + kommunen sine eigne arrangement og møte. Dette kjem da opp på hovudsida på Os kommune, medan det som ligg i Fjellpuls ligg ”eit klikk innover”.